Ved å ta del i Forut sin barneaksjon får vi i Tusenfryd lære om barn som veks opp i Nepal og om kulturen deira. Gjennom aktiviteter, leik, film og mat blir vi kjent med Biswas(5 år), Nischal(6 år), Puspa(7år) og Anjali(11 år).
Kjem du rundt d
Dal betyr linser. Linsene koker dei til ei tjukk suppe, som dei krydrer på tradisjonelt vis. Dei gule linsene er vanlegast, men du kan også bruke brune eller grøne.
Bath er ris, og den vanlegaste er den aromatiske basmati-risen. Dal bath vert servert med Takari og Aichar. Takari er dei grønsakene som dei har tilgjengeleg den dagen. Mykje brukt er poteter, bønner og blomkål. Grønsakene vert delt opp og steikt i ei blanding av karri, ingefær, kvitløk og gurkemeie. Aichar er "pickles", noko sterkt og søtt som ein brukar som ein liten "piff" på smaken.
4- og 5 åringane har allereie mykje kunnskap om korleis barn som veks opp i Nepal har det. No har dei også fått smake Dal Bath.
Det er kjekt å sjå kor uredde barna er når det gjeld å smake på nye rettar. Dei tek i bruk alle sansar. Eit av barna uttrykte det slik; " Det luktar som å vere på ferie"..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar