Når barna kom låg trollet og sov, og barna måtte synge Hokus og Pokus to ganger for å vekke det.
Det var trollet Olle Bolle som hadde flytta inn i leikehuset og no ville bli eit snilt troll og få seg venner.
Han var ikkje sikker på korleis venna skal vere mot kvarandre, og han lurte på om det var lov til å ete dei hvis dei såg veldig gode ut.. "Nei det er ikkje lov til å bite, slå eller skubbe vennene sine" sa nokre av barna. Hmmm... Då vil e slutte med det slik at dåkke vil bli vennene mine sa trollet.
Olle Bolle er veldig glad i musikk, og bukkevennen som holdt på å koke sanggryte på bålet lot barna trekke sanger som dei sang til trollet.
Undervegs i samlinga kom sangen om trollmor, og då sovna trollet i vinduskarmen.... Men når barna sang Hokus om Pokus igjen, våkna det opp att.
Barna hadde veldig lyst til at trollet skulle komme ut av huset, men det torde ikkje Olle Bolle fordi han var redd for å få sol på seg. Då blir eg til stein forklarte han. Og det vil eg ikkje! Fordi han er redd sola bruka han å vere ute å leike om natta. Då er han ute i barnehagen og leika sa han. "Eg elska å disse!!" Men det er litt kjedelig for det er ingen å leike med om natta.... Kanskje du ikkje blir til stein av sola hvis du berre blir eit snilt troll meinte nokre av barna.
Då skal eg berre vere snill slik at eg kan leike med dåkke om dagen sa trollet glad.
Etter ei stund med sang og prat vart trollet trøtt og ville legge seg igjen. Han hadde tross alt vore ute og leika heile natta! Når han hadde sovna var det mange av barna som ville sjå inn i huset på trollet som sov søtt med tommelen i munn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar