Mandag var Solsikka på tur til kyrkja. Vi russla nedover og etter kyrkjebesøket gikk vi på Fløten å leika oss.
Hærleg vêr og masse utetid har vi fått til. Endelig kan vi både disse og lage sølekaker igjen!
Onsdag baka vi rundstykker og hadde ein deilig påskelunsj.
På Løvetanna har vi laga påskegule kyllingar. Gjett om dei var stolte når dei endelig kunne få ta dei med heim! Bakinga til påskelunsjen var vi også med på. Ikkje alle var like ivrige på å knø i ein litt kleimete deigklump, men fristelsen var stor til å smake på. Spennande å utforske med ulike sansar. Ta på, smake på og lukte på.
Det var ikkje berre "den store høna" på påskesamlinga vi fekk helse på før påske. Tuppehøne har tatt turen innom fleire gongar. Like uheldig kvar gong. Ho har ramla ned, til barnas store forskrekkelse, men heldigvis har vi mange "doktorar" som kunne både hjelpe ho, og trøste ho ;-)
Dette er glimt fra nokre av aktivitetane vi har gjennomført i tida før påske.
ØNSKER ALLE EI RIKTIG GOD PÅSKE!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar