(Rp 2011)
No når det kan vere litt vanskelig for dei små å bevege seg ute, fordi det er hardt og glatt, legg vi vekt på å gi dei minste gode tilbud til motorisk aktivitet også inne. Vi lager til taktile stier som dei kan bruke til å øve balanse, og dei får bruke den lange gangen vår til å springe, rulle, hoppe o.l.
Litt vanskelig åleine, men med ei hjelpande hand går det bedre. Mestringsfølelse gir barna nytt mot til å prøve vidare, så at den vaksne er der som støttende stillas er viktig.
Treng ikkje berre å gå på dei taktile stiane! Å kjenne med hendene, krype og prøve ut forskjellige teknikkar gir også god trening.
Heia, heia, heia!!! Her spring dei fram og tilbake fleire gongar medan dei flira og uttrykker glede over å få halde på. Av og til dett dei, men dei reiser seg opp og starter på att med friskt mot. Deilig å få bruke energien sin på motorisk aktivitet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar