Frå roleg morgon til "organisert kaos" Born og klede skal på plass, og lister skal skrivast.. |
I løpet av ein hektisk morgontime, kjem dei fleste borna og personalet inn gjennom dørene på Tusenfryd. Lydnivået og aktivitetsnivået stig i takt med at klokka går, og det nærmer seg samlingstund og mat....
Eg reknar med at for dei som er innom barnehagen berre i gjennomsnitt kanskje 4 minutt i løpet av denne morgontimen, må det arte seg som ganske kaotisk. Men heldigvis er det eit velfungerande system i midt i dette "kaoset".
Dette systemet er heilt avhengig av at vi til ei kvar tid er nok vaksne tilstades i barnehagen. Borna treng at der er kjende, trygge og forutsigbare vaksne som tek imot dei i garderoba om morgonen- og at det er dei same vaksne som er der for dei gjennom dagen. Vi skal "lose" dei trygt gjennom denne tirsdags-barnehagedagen. Vi skal sjå dei og ta dei på alvor, og legge til rette for gode leike- og læringssituasjonar.
I samlinga vert planane for dagen satt i system, og historier vert fortalt... |
Bord skal dekkast av 3 år gammal ansvarsfull og flink kjøkkenhjelp...så er det klart for handvask.. |
Endeleg var frokosten klar...og snart kan dagen starte på rett :-) Mykje har skjedd i løpet av ein liten morgontime... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar