Begeistringa var stor når vi skulle male litt i dag. Vi har hatt "Brann og brannvern" som tema ein periode, og i dag skulle vi male med fargar inspirert frå temaet.
"Male enna meil", ropar jente 2,8 år. "Henge opp, male enna meil".
"Oi", kjem det forundra fra barnet ved sida av. "Male fingern". Til slutt var både fingrar og hender raude, gule og oransje, eller helst ei blanding av alle fargane. Stolte kunne måleria beundrast. "Fiiiiiiiin" høyrer vi det ljomar gjennom rommet.
No var det berre å snirkler seg til vasken, så ikkje vi grisa maling på både veggar og møbler.
Det er i alle fall kjekt å male!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar