2 små gutar sit tett saman på ein tripp- trapp stol. Dei sit i enden av bordet der det står ei plastboks med grønn plastilina. På toppen av plastilinaen ligg det nokre plastformer og ganske mange leikeknivar
Pål, 2 år stikk handa ned i plastboksen og tek opp ein heil haug med knivar. "Det var mange" seier han, før han begynner å telle..." En, to, tre.." Han kjem til elleve.., så ser han på kompisen og seier "å, det var mange!!"
Tor, 2 år er tydeleg imponert, og bøyer seg fram for å sjå om der er enda fleire kniver å telle.
I det han bøyer seg framover, støyter han panna si inn i Pål sine knivar. "Au", seier han, og gnir handa mot panna.
Pål ser rett i augene på kompisen med eit bekymra blikk. "Oj, gåj det bja?" Spør han.
Tor gnir enda litt med handa i panna, men svarer "Jada, det gåj bja!"
Pål bøyer seg fram mot Tor. Han lager trutmunn og bles omsorgsfullt på panna til Tor! Tor smiler tilbake til vennen, før dei fortsetter å samarbeide om å plukke plastknivane ut av boksen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar