No var det lenge sidan vi på Løvetanna hadde vore i Indianerskogen. Det er ikkje alltid like lett å komme seg på litt lengre turar, når mange fortsatt treng å kvile seg i løpet av dagen. Men i dag bestemte vi oss for ta en tur, som vi skulle bruke litt tid på. Vi pakka sekkane med mykje god mat og det som trengs av utstyr til gjengen vår. På med refleksvestar og fram med tauet. Sjølv om vi ikkje gikk så mykje langs bilveg, ville vi likevel øve oss på å gå med turtauet vårt. Teskjekjerringa fekk også bli med, og ho var meget fornøgd med barna sin innsats under gangen.
Målet for turen var altså Indianerskogen. Men før vi kom dit var det mykje vi måtte studere på. Midt i stien kom vi over eit dødt lemmen. Stakkar!! Vi såg mange soppar, og ikkje minst ein stoooor kubærsj. Oi oi oi, spennande! Plutselig høyrde vi ein dur og blikka flytta seg fort til vers. Helikopter!!!
Vi i barnehagen fokuserar på å tilby barna mest mulig sunn mat. Då passa det bra å lage grillspyd med mykje gode grønnsaker på. Nokon likte sukkererter, andre synst paprika var best. Det var litt variabelt kor mykje grønnsaker dei åt, men det er viktig å tilby barna så dei får muligheiter til å smake. Teskjekjerringa betraktar også utvalget av grønnsaker, ho kunne godt tenkt seg å smake😉
Heldige er vi som har ein sånn kjekk skog å gå til. Der kan barna boltre seg i klatrenettet, leike i tipien, disse, leike med kjeppar og pinnar og mykje meir. Der er det aldri kjedelig!
På vegen "heim" vart fristelsane for store. Sølepyttane måtte berre prøvast ut og det med stor glede.
Vel tilbake i barnehagen var det godt å finne soveplassen sin for ein liten blund. Nokre orka å fortsatte med uteleik ei stund til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar