Togbanebygging er konstruksjonsleik. Dei største av dei minste på blåklokka syns det er kjekt å trekke seg tilbake frå dei minste si innblanding, for å halde på med slik leik. I nesten ein time fann dei ro til å leike med togbana, bygge og sette saman toga i rekke. Kjekt å sjå korleis dei jobba for å få magnetane på toga til å gå ihop. Her vart det prøving og litt frustrasjon før dei fann ut av det.
Konstruksjonsleik blir stadig meir avansert til eldre barnet blir, og dei treng då andre utfordringar enn å bygge tårn av klossar o.l. Konstruksjonsleik er også fremjande for finmotorikken.
Ein treng ikkje å sette saman meir enn to delar av skinnene for å kjøre tog!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar