I dag la gjengen på Løvetanna ut på tur. Vi pakka sekken med litt drikke og nokre "gulrøtter". På med refleksvestar og ta tak i tauet, så traska vi av gårde. For å motivere dei små føtene til å orke å gå opp bakkane, syng vi "Tøffe tøffe toget" der det er kvar sin gong å "gå av" toget. Det er inspirasjon nok, i tillegg til å vere så heldig å vere omgitt av så vakker natur som vi har.
Vi kom oss opp til skogen. Der var det ei kjekk sklie å halde på med. Litt skummel, då ho er ganske bratt. Så det kila litt i magen.
Etter ei lita stund var det ein gjeng som oppdaga at ein kunne gå utanfor gjerdet. Det var spennande. Dei andre følgte raskt etter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar