"Man må alltid ha plaster i veska", sa mummimamma...😉.
Barn er kroppsleg aktive, og gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølv å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsle skaffer barn seg erfaringar, dugleik og kunnskap på mange viktige område. Innanfor trygge rammer må det vere rom for å prøve sjølv og gjere eigne erfaringar. Sol, sommertemperaturer og bare armar og kne, gjer at små utforskarar er utsette for mykje skrubbsår, sand i ansikt og auge mm. Dei vaksne er der for å trøyste og vise omsorg. Ein viktig del av denne omsorgen er å ha nok "plaster i veska". Eit fang, litt trøyst, tørking av snørr og tårer..til slutt eit plaster på såret... Og så er dei små utforskarane klare for nye eventyr!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar