Det var spennanda å gå gjennom skogen i lag og vi gleda oss til å komme fram.
Vel framme kunne vi vere med på ulike aktivitetar som spikking med kniv, taubane, leike i nota, rolleleik i indianerteltet, skyte på ballonger m.m.
Etter ei stund var det klart for samling rundt bålet. Og sjølvsagt sang vi indianersongar før vi fekk mat og drikke. Det var kjekt å få sitte tett i tett i lag med gamle og nye venner, rundt bålet.
Førskuletreffa er ein del av Stranda kommune sin plan for overgangen barnehage- skule; "Den gode skulestart". Kvar barnehage arrangerer sine treff med ulikt innhald. Vi har vore på idrettsdag i idrettshallen som Ringstad barnehage arrangerte i vinter. Seinare i juni skal vi m.a.på cowboy- fest i Trollhaugen Bhg. og besøke Helstad Bhg på "friluftsdag" på Lempen. Det gler vi oss veldig til!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar