Onsdags morgen var det klart til at barna på Solsikka skulle sette deig og bake bollar. Dei andre avdelingane var også med å bake, og dette var ei kjekk økt. Gjennom å ha ein slik aktivitet med barna får vi øvd på ord og begrep som har med mengde og vekt å gjere. Kor mange dl eller l melk vi skal ha i bakebollen vår, kor mykje er ei teskje med kardemomme er, kor mykje ein kilo er. Dette er ord og begrep som naturleg fell inn og øve på og forklare når vi skal bake.
Oppskrifta låg klar til bruk, da var det berre å vege opp smøret, måle kor mange dl sukker og melk vi trengte i bakebollen vår.
Kardemomme og hjortesalt blei målt opp.
Smøret blei smelta og blanda saman med melka før vi blanda i kveitemjølet.
Deiga var klar til å bakast ut, og barna satte i gang med ein gong! Fin konsistens å ta og å føle på medan små ivrige barnehender former deigklumpane til flotte små bilar. Nydelige bollar som vi skulle ha til karnevalsdagen! Nam, nam!!
Vi gleder oss til å ete boller med krem og syltetøy.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar