I januar hadde vi eventyr som tema og dette er noko som virkelig har festa seg hos barna. I dag hadde dei minste på Solsikka lyst til å dramatisere Gullhår og dei tre bjørnane, og vi laga til på plattingen ved dukkehuset og publikum satte seg i amfiet og var klare til forestilling. Denne forteljinga dramatiserte dei nesten uten hjelp til å fortelje. Ei kjekk forestilling både for store og små!
Bjørnane hadde laga graut, men den var alt for varm, så dei måtte gå seg ein tur i skogen. I mellomtida var Gullhår og mammaen på tur ute i skogen.
Ho var så svolten at ho måtte berre smake litt på grautskålene som stod der. Og enda opp med å ete opp all grauten til den vesle baby bjørnen. Gullhår var ganske trøtt og gjekk for å finne seg ei seng. Og der sovna ho!
Etter ei god stund så kom bjørnane tilbake for å ete grauten sin. Dei såg at nokon hadde smakt på grautane deira. Dei vart litt forskrekka og skjøna ikkje heilt dette. Men da bestemte dei seg for å gå opp på loftet for å legge seg. Og det same hadde skjedd her...nokon hadde ligget i sengene deira. Og nokon ligg i baby bjørnen si seng enda!!! Og i det bjørnane såg ned på Gullhår vakna ho og spratt ut av senga og ut av huset i full fart! Og sidan har ikkje bjørnane sett ho Gullhår, og snipp snapp snute så var det eventyret ute.
Dei fekk spele det fleire gongar, og vi måtte bytte på å ha roller og vere publikum. Plattingen ved dukkehuset har blitt ein fin plass for barna til å lage "show" og vi blir rett som det er invitert til å delta på showet deira. Eller berre for å vere publikum i amfiet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar