I forbindelse med temaet vårt på Solsikka som handlar om fuglar har vi studert, lytta på lydar og teikna fuglar. Når vi har gjennomført desse aktivitetane har ofte barna fått bruke iPad til å ta bilder og film for å dokumentere det vi har jobba med. Og desse bileta synes dei at vi måtte blogge om. Vi har også studert fuglekassa vår ute i barnehagen i dag, om der var noko ny fugl som var byrja å byggje seg reir.
Skjæra, kråka og blåmeisen blir nøye studert og vi brukar boka "Fuglesong" for å høyre kva song og kva varslingslyd desse fuglane har.
Fuglekassa vår ute i barnehagen blei undersøkt i dag, og der ser ut til å vere eit gammalt reir. Men vi såg ein kjøttmeis som flaug rundt ved treet som fuglekassa hang i. Kanskje det er ein som vil flytte inn i fuglekassa vår? Vi skal følge med vidare :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar