3 og 4 åringene er ofte svært sjølvhjulpne. Dersom vi gir dei nok tid, plass og støtte kan dei oppleve gledeved å mestre påkledningen. Det kan vere ei utfordring å greie å vrenge buksa sjøv, og få rett bein på rett plass. Men med akkurat passe med vaksen hjelp og støtte, går det både raskt og greit. Til og med glidelåser har dei vorte mestere på lukke.
"Å,nei, dumme jakke...sånn..der...inni sånn...også glidelås...lett på en plett. Ferdig!!"
Små fingre, men sterk vilje... Til og med det å dra dressen ned over støvelskaftet og sette strikken under mestrer vi no!!
Først den høgre votten og så den venstre.. Mens vi kler på, øver vi ord og begrep som etter kvar er ein naturleg del av vokabularet...
"Kjennes det greit ut no?", spør den vaksne... "Då er du klar... No skal eg berre kle på meg, så kjem eg ut. Ha det kjekt ute!"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar