I dag har eg vore vikar på Solsikka. Det var veldig kjekt- og eg fekk vere med på mange spennende aktiviteter i lag med 3/ 4 års gruppa. Vi jobba med Geometriske former......
....og dramatisere eventyret om "Gullhår"......som smakte først på pappabjørnen sin graut....
...og det var ganske dramatisk då babybjørnen sin stol velta og knakk!....
Og så har vi øvd på telling med "Telle Lotto"....
Vi tok ei velfortent fruktpause....
Frileik der eg vart invitert til teater om ein konge, ein tryllefe...og mange prinsesser... Både gutteprinsesser og jenteprinsesser....
Så fekk eg vere med å lese spennende bøker...
...og ei kreativ økt med vassfargar.
Takk for ein innhaldsrik og spennande føremiddag!!
Det skjer litt fleire kreative og spennende aktivitetar på avdelingane enn inne på kontoret. Så dette kan godt verte ein vane;-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar