IKT PÅ PLANDAGEN
Personalet i Tusenfryd hadde plandag i barnehagen 2. og 3. januar.
Dei skulle lære om bruk av digitale verktøy
Dei tilsette i Tusenfryd brukte plandagane i januar til å lære meir om bruk digitale verktøy som eit pedagogisk hjelpemiddel. Målet er at dei skal bli så gode på dette at det vert ein naturleg del av kvardagen vår i barnehagen.
Det er viktig for oss at bruk av data, Ipad, fotokamera, interaktiv tavle, webkamera og ulike programvarer blir integrert i dei ulike tama og prosjekt som gruppene velger å fordjupe seg i.
IKT- opplæring i barnehagane har blitt ein vesentleg og påkravd del i den nasjonale rammeplanen. Målet er at barna skal gå frå å vere digitale konsumentar til å verte digitale produsentar.
Framover våren kjem det til å bli produsert både videofilm, animasjonsfilm, bildedokumentasjonar og anna. Dette vil dokke få sjå smakebitar av her på bloggen.
Les meir om IKT i barnehagen:
http://myrertoppen-barnehagre.blogspot.no
http://iktsenteret.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar