Eg hastar ut inngangansdøra til Solsikka for å få gitt ein beskjed til ein av dei vaksne. I det eg kjem ut høyrer eg ivrige barn som diskuterer. Eg overbringer beskjeden før eg går videre, etter lyden av diskusjonen. Då eg rundar hjørnet til gapahuken ser eg ein gjeng ivrige femåringer som forsiktig lagar stablar av ved inne i bakkant av gapahuken. Dei diskuterer korleis det er best å legge vedkubbane for at dei ikkje skal rase nedatt.
"Marius" ser opp på meg og forklarar: "Vi lør ved, skjønar du.."
Marianne ser på meg og seier at dei akkurat har lært eit nytt uttrykk: "Å lø ved"...
Eg ser på den ivrige gruppa med barn og den vaksne som er i denne aktiviteten "her- og no", dei snakker og diskuterer medan dei legg planer for bruken av veden..Det kjem til å bli mange kjekke dagar ved bålpanna fram over hausten og vinteren.
Eg må inntatt på kontoret.. Men på min veg tenker eg at vi er heldige som har ansatte som ser pedagogikken i kvardagen og grip øyeblikka. I denne lille sekvensen ser eg ein vaksen som gjennom sin aktive samhandling bruker situasjonen til å lære nye ord og uttrykk, som er tradisjonsformidler og gir barna meiningsfylte arbeidsoppgåver. Barnehagen er ein viktig tradisjons- og kultur formidlar og det er viktig at barna får vere til nytte og føler at dei bidreg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar