Vi trur at systematisk og tidleg innsats fremmar varig utvikling, gjer læring lettare seinare i livet og kan forebygge eventuelle vanskar knytt til læring.
Gjennom BRAVO-leiken får borna sanseopplevingar knytt til begrepslæring og motoriske utfordringar.
Når vi leikar BRAVO utanom måltida brukar vi kort med ordbilder på i hurtig tempo, og i mellom kvar stasjon bruker vi terningen for fysisk aktivitet.
BRAVO går ut på intensiv begrepslæring og borna kan få opptil 25 nye ord i veka og inntil 100 ord i månaden. Ein del av opplegget er å bruke alle sansane for å bli kjend med begrepa.
Her har vi hatt kategorien grønsaker og borna fekk sjå, lukte, føle og smake på cherrytomat. Denne måten å lære på gir borna brei erfaring med dei nye begrepa og ved å bruke fleire sansar og repeteringar styrkar vi begrepsforståinga rundt orda.
Borna synes det er kjempe spennande og kvar gong vi ringer med bjella for å signalisere at det er tid for BRAVO er det stor entusiasme!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar