Det er mykje forventingar kring jula, og vi i barnehagen har den beste anledning til å skape gode minner ilag med dei små.
Sjølv om borna på Blåklokka er små viser dei stor glede når vi vaksne startar opp med aktivitetar, då er det om og gjere og vere fyrste mann til bordet i ein kvar situasjon. Spesielt ivrige var dei når det har vore baking og pynting av peparkaker på planen. For det er sjølvsagt lov med ein liten smakebit, både av non stop og deig. :)
Jula handlar om meir enn kaker og gåver, så vi les og fortel både om julebodskapen og les andre juleforteljingar. Når vi ser i bøker åpner det opp for gode samtalar, og vi kan både fantaserer og undre oss ilag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar