Inne på småbarnsavdelinga har det vore spennende dagar. Fleire små ettåringar har lagt bak seg si første veke i barnehagen. Desse borna har denne veka vore i ein sårbar situasjon. Dei er vant til mykje omsorg og nær kontakt med mamma og pappa, og har sterk tilknytning til foreldra sine. Det kan difor opplevast som dramatisk å skulle skiljast frå foreldra, og bli overlatt til fremmede.
Ettåringane har eit tydeleg kroppsspråk. Dette har vi vaksne vorte gode på å tolke, og vi bruker mykje tid på å bli kjend med kvar einskild sine uttrykk og behov. Det er viktig at kvart lille barn har sin primærkontakt som det kan knytte seg til og ha som sin trygge base.
Det er naturleg at barna gret og er lei seg når mamma og pappa seier hade og går. Då er det godt med ein trygg vaksen som ikkje forlet deg, men tek deg med, trøster og tolker deg etter beste evne.
Den første veka har gått veldig bra, og eg høyrer stadige vurderingar og diskusjonar om kva som er det beste for dei ulike barna i ulike situasjonar. "Skal vi prøve med ein annan smukk på flaska?", "skal vi prøve med graut i staden for brødskive?", "trur du ho er trøtt?", "eg trur vi prøver å legge han i seng i staden for vogn...", " mamma'n sa at han liker...", "faren seier han er vant til å....".
Ingen ting skal vere uprøvd- og vi strekker oss lang for at desse små skal ha ei så god tillvenningstid i barnehagen som mogeleg.
På same tid som vi skal ta vare på dei nye barna, er det viktig å gi eit godt tilbod til dei andre barna på avdelinga. Vi opplever at det kan vere slitsamt for dei andre borna i ei slik tilvenningsperiode. Nokre av dei "gamle" barna kan føle at dei får mindre oppmerksomhet i desse første vekene. Dei har gått frå å vere minst til størst på avdelinga. Det er difor godt når dei små søv, og dei vaksne har armane fri til litt ekstra kos og leik. Dei store barna får også vere meir ute enn dei små, no i januarsnøen. Det er kjekt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar