Når tid er det min tur å reise på bading?
Når haustferien er over og fram til påske så er det i vår barnehage tid for førskulebading. Dette er eit fint tilbod til barna som snart skal over i skulen. Vi får bli betre kjent med skulen vår, og vi møter andre skulebarn og vaksne på skuleplassen. Vi har også bading samtidig med ein annan barnehage i bygda. Vi er spente kvar gong vi reiser ned, kven møter vi... søsken? venar? naboar?
Det er mykje læring i å reise på førskulebading. Vi får erfaring med skulebygga, kvar bassenget ligg, kva dør vi går inn og ikkje minst kva vi skal gjere i garderobesituasjonen!
Kvar er sekken min?
Kvifor er det ikkje lurt å vrenge buksa ut inn under avkledning?
Kva skal eg ha med meg inn i dusjen?
Kvifor er det lurt å løfte håndduken opp av det våte golvet inne i dusjen?
Her er mange rutinesituasjonar som blir heilt nye når førskulebarn øver seg på ein ukjent og ny arena. Men så utruleg kjekt vi har det saman mens vi lærer dette!
"Barnehagen skal leggje til rette for at dei eldste barna har med seg erfaringar, kunnskap og ferdigheiter som kan gi dei eit godt grunnlag og god motivasjon for å begynne på skulen" (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 33-34).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar