I dag har revungane og bjørnungane studert insekt med lupe, kikra med kikert og lest i bøker med insekt, blomster og dyr. Bjørnungane kan veldig mykje om blomster, fordi vi finn og snakkar om blomster kvar gong vi går tur.
Vi fann ein liten tordivel så vi kunne studere. Vi snakka om korleis den såg ut og vi synest det var litt rart at den vart større når vi såg på den med lupa.
I bøkene såg vi også mange forskjellige insekt og dyr med forskjellige fargar og form. Mange av dei har vi sett før og veit navnet på. Maurane er forresten favoritt-insektet til veldig mange..
Det passa perfekt at det kom eit stort cruiseskip forbi på fjorden! Spennande å sjå på det med kikert!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar