Linda sa at i dag skulle vi til hagen til "Miriam" 3 år. For vi hadde fått lov å gå dit og plukke plommer. Men viss barna ville kunne vi late som om vi var på slang. Det ville barna! 😃 da måtte vi huske på å gå stille og passe på at ingen såg oss.
Vi plukka mange plommer, og vi lærte at inn i alle plommene er det plommesteiner. Det er frøa til plommetreet, dei tok vi vare på så vi skulle plante dei når vi kom tilbake til barnehagen 🌿
Vi lærte forskjellen på umoden og moden plomme, konsistens, farge og smak.
Då vi studerte plommene sa "Lars" 3 år: den ser ut som ei rumpe!" Det var dei andre enige i, og dei flira høgt av rompesprekka til plomma 😂
Dei fann sneglar som dei studerte og så fann dei ei hemmelig dør på plenen. Dei fann ut at viss dei samarbeida om å løfte, så kanskje dei skulle klare å opne den
Då dei fekk vite kva ein septiktank var fann dei ut at dei ikkje trengte å opne den likevel. Plutselig hørte vi liksom ein lyd! Vi må skynde oss tilbake før noken ser vi e på slang! Vi sprang så stille vi klarte inn i skogen og tilbake til barnehagen 😊
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar