Vi som jobber i barnehagen ser at barna blir større og modnere siste året før skulestart og at dei fleste er klar for ei ny epoke i livet. Men det er alltid vemodig å sende frå seg alle dei som vi har knyta sterke band til gjennom fleire år. Vi har hatt gode stunder med latter og sang, og det har vore stunder der vi har tørka tårer, rensa sår og trøsta. Vi har hatt fine turer og opplevingar i lag der vi har fått gleda av å sjå kor ivrige og nysgjerrige alle er på nye erfaringar. No håper vi at alle vil trives på skulen og at livet vil bli slik dåkke drøymer om.
Ein ting er iallfall sikkert: Vi er veldig glade i dåkke og vi kjem til å savne alle sammen💞
I år fekk alle førskulebarna ein lommevenn og eit dikt som kan vere ei lita trøst i starten på skulelivet. Lykke til alle sammen🎒📝📚
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar