Ein telefon frå ein samarbeidsinstans gjer at eg raskt noterer på ein gul lapp og går mot Solsikka med ein beskjed.
Eg går bortover gangen og skal til å opne døra inn til avdelinga. Men tek meg i det, for gjennom det lille vinduet i døra ser eg 3 gutar i fin rolleleik. Den eine med eit "verktøy" laga av duploklossar, anleggshjelm og eit alvorleg, konsentrert uttrykk i ansiktet, medan han "skrur" på ein bil. Ein av dei andre gir beskjed om at " no virka den, no kan vi køyre"... Dei "gir gass" og køyrer avgårde (litt vel fort...)
Eg vel å ikkje "avbryte" leiken deira, og tek heller omveien via kjøkkenet. Eg slår av nokre ord med Maria som lagar fiskekaker til varmmat, før eg går inn døra til Solsikka.
Inne på Solsikka er dei i full sving med å rydde opp etter ein maleaktivitet. Flotte maleri heng til tørk bortover ei lang snor, og vitner om at her har mange små
kunstnerspirer uante muligheter i framtida.
No er dei små kunstnarapirane i full sving som "ingeniører", der dei planlegg det nye jernbanenettet mellom dukkerommet og verandadøra.
Eg avleverer beskjeden eg har i handa, og skal til å haste vidare, innatt på kontoret mitt. Idet eg snur meg mot døra kjenner eg ei lita han som tek mi. Eg snur meg, og ser lille "Tiril " på 4 år. Ho står med ei bok i handa, ser bedande opp på meg og spør:" Kan du lese denne boka for meg?" Eit øyeblikk tenker eg på bunken med arbeid som ventar. Så seier eg: "Kom, så set vi oss her borte".
Tiril kryp opp på fanget og åpner boka. Snart er vi begge to langt inni ein verden med dragar og prinsesser, fjærnt fra kontorpult og telefonar. Det må vente...litt til...... Det viktigaste først.
PS! Skulle det bli litt hektisk nokre gongar, er der alltid hjelp å få:-)
Tiril kryp opp på fanget og åpner boka. Snart er vi begge to langt inni ein verden med dragar og prinsesser, fjærnt fra kontorpult og telefonar. Det må vente...litt til...... Det viktigaste først.
"TATT PÅ FERSKEN"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar