Vekas suppe: Deilig fiskesuppe!!
Vi set stor pris på å ha vår eigen "kokk", i barnehagen. Kvar tirsdag står det suppe på menyen, og i dag fekk vi servert fiskesuppe til ettermiddagsmat. Nokre av barna på Løvetanna var med på å kutte opp grønsaker og å lage suppe frå grunnen av.
Det tek tid å venne seg til nye smakar, og mange er i utgangspunktet litt skeptiske til nye matrettar. Som foreldre veit vi at det å tilby sunn og variert mat som barna vil ha, kan vere ei kvardagsutfordring. I barnehagen blir barna ofte lettare påverka av dei andre i gruppa, og det kan til og med vere slik at dei smakar på mat i Bhg som dei ikkje vil ete heime.
Men ikkje alle! Vi oppfordrar til å smake på det som blir servert, men dersom barnet ikkje vil ha, får dei tilbod om brødmat.
På Løvetanna var det fleire som smakte på fiskesuppe for første gong i dag. Nokon elska det, og fekk påfyll mange gongar. Andre smakte bittelitt, og ba om brød...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar