I går hadde vi ein kjekk tur i flott solskin ☀️☀️☀️Vi tok turen inn til badeplassen i Helsemvika der vi leita etter krabber, tanglopper og andre insekt.
Det var spanande å lette på tangen og på steinene og sjå kva som skjulte seg under🦀🦐🐚
Når vi er på tur er det viktig med niste, og i dag vart det grilla pølser på eingongsgrillar
Vi hadde ein kjekk tur der alle enda opp med våte sko og sokker. Men i det flotte vêret så gjorde det ingenting☀️
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar