SIDER

23.06.2017

Bygda vår🏘🏗🏦⛪️⛴

Førskulegruppa har no tema "Bygda vår", og i den forbindelse tok vi oss ein tur ned til sentrum for å sjå kva vi kan finne der. 
Vi rusla nedover med niste i sekken som vi åt medan vi såg på fergetrafikken og livet i sentrum


Når vi var gode og mette rusla vi rundt og såg på og snakka om kva funksjon dei ulike bygga i sentrum har og har hatt. Dei fleste visste kva som var i dei ulike bygga og i butikkane. Og alle hadde iallfall vore innom kulturhuset kunne dei fortelje. 


Då vi kom bort til det som i dag er rådhuset fekk vi komme inn og hilse på Tanja som ofte er innom barnehagen. Ho har kontor i rådhuset og det var veldig kjekt å sjå kor ho er når ho ikkje er hos oss.

Og tru det eller ei! Men vi møtte faktisk ordførar Jan Ove Tryggestad når vi var der borte!!👨💼Og han henta ordførarkjedet sitt så vi fekk studere det og prøve det på! Det var litt tungt syns barna så det er bra at han ikkje treng å gå med det heile tida.


Nå hadde vi sett og lært mykje på turen, og ikkje minst måtte vi gå fint og ikkje tulle slik at vi for ut i vegen, så no trengte vi å få springe og leike litt. 
Da er Fløtenparken fin å ha! Her kosa vi oss med is før vi leika fram til barna vart henta.
Ein flott tur med mange nye inntrykk og ifølge barna sjølve: Mange framtidige ordførarkandidater. For eit slikt smykke var det mange som kunne ha tenkt seg😃





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar