I dag fann vi fram rytmeinstrumenta våre på Blåklokka og spelte litt i garderoba. Vi har øvd oss litt tidlegare og det er SÅ kjekt å få spele instrument!
Å få lov å utforske ulike instrument, høyre dei forskjellige lydane og danse til ulike rytmer er noko desse minste har stor glede av.
Vi fekk besøk av Solsikka som måtte sjekke kva vi holdt på med, nokre trudde nemleg det var brannalarmen som gjekk, men det var det heldigvis ikkje! ;) Det var berre ivrige små som fekk prøve ut sine musikalske talent.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar