SIDER

21.04.2017

Lunsj i skogen

I dag trossa vi vêr og vind, pakka sekken,  og gjekk opp i skogen for å ete lunsj. I løpet av turen var det både snø, sol og vind❄️☀️💨
Men med godt humør og god mat i sekken vart det ein kjekk tur. 
Nokre av barna samla kongler som vi skal bruke til å lage dyr av i barnehagen. Vi fekk sjå forskjell på furu og gran, og vi talte årringer på dei avkappa stammane som er der oppe.
Vi er heldige som har denne flotte skogen og gå til når vi vil!!🌲🐛🐜🐌

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar