SIDER

22.04.2016

Blåklokka på tur i Indianerskogen.




Vi våkna til herleg nysnø i dag, og kva er ikkje betre enn å gå tur i snø, i slutten av april? ;)
Vi åt frukost, før vi kledde på oss tok beina fatt. God øving for dei håpefulle små, med å halde i tauet og bevege seg utanfor barnehagen. Litt vanskeleg er det, og ikkje sleppe taket når vi passerer fleire freistande sølepyttar, kjekke steinar og greiner.

Vi tenkte å gå eit stykke bortover gata, berre for å kome oss litt utanfor barnehagen sitt område, men alle var så motiverte til å gå, at vi besteig den eine bakken etter den andre. Ingen sure miner, berre masse glede og iver. Vi forsto etter kvart at Indianerskogen var eit reelt mål, sjølv for små barneføtter i kram nysnø. 


Når vi endeleg kom fram fekk vi leika oss litt, vi klatra, gjøymde oss i lavvoen og prøvde taubana før vi måtte vende snuten tilbake til barnehagen der smoothien venta. 
Neste gong tek vi med niste og drikke i sekken, dette var kjekt! 









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar