SIDER

09.02.2016

Eit stort ansvar...

Barna våre er det kjæraste og viktigaste vi har. Kvar morgon leverer foreldra dei små barna sine i barnehagen. Dei overlet sine kjære små "i armane" til personalet i barnehagen vår, og viser med dette at dei er trygge på at vi tek godt vare på dei her. 
                                      Foto: Crestock
Ein del av det å vekse opp er å teste ut eigne fysiske ferdigheiter, lære nye ting ved å prøve og feile, og av å til å falle og slå seg. 


Det er viktig at vi som har ansvar for barn i barnehagen, har riktig og nok kunnskap om det å forebygge og å handtere små og større ulykkessituasjoner som kan oppstå i fysisk leik og aktivitet. 

Derfor har vi krav om at alle som arbeider i barnehagen skal gjennomføre kurs i førstehjelp og at desse skal oppdaterast jamnleg. 

I år var det Per Inge Hjelle fra Stranda Røde Kors som holdt kurs for personalgruppa vår. Han arbeider til dagleg som ambulansesjåfør og har lang erfaring innan "førstehjelp".

Vi lærte m.a. om "kjeden som redder liv", "BLÅS-T", hjerte -og lungeredning, kvelning, sårskader, korleis handtere kritiske situasjoner med barn knytt til t.d. astma, krupp, feberkrampe, epilepsi, diabetes mm. 


Det å øve seg praktisk og å "automatisere" handtering av "krisesituasjoner" vil truleg gjere oss betre rusta til å gjere dei rette tinga, dersom ei "krise" skulle oppstå. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar