SIDER

02.07.2014

Tillitserklæringer ein tidleg morgon....


Klokka er halv åtte, og det er underleg stille i barnehagen. Berre nokre få morgontrøtte to- og treåringar sit rundt eit bord der det er satt fram perler og strikkband. Konsentrert og med presisjon trer dei den eine perla etter den andre inn på strikken. " Ditta smykket skal ho mamma få", seier den eine jenta..."ho liker alle farger ho...".
 Eit barn til kjem inn I garderoba i lag med mamma'n sin. Dei vert møtt av "Kari" som småprater med dei medan utesko og jakke vert bytta ut med innsko, og ein god klem, før "Kari" og barnet går mot vindauget for å vinke. Kvar dag- samme rutine!  
Etter å ha vinka til mamma  i vindauget, kjem ho og set seg ved bordet. "Eg og vil lage sånn... Den skal ho "Kari" få...." seier ho. 
Ei tillitserklæring til "Kari", som kvar dag møter barnet med eit smil og eit trygt fang i garderoba, og som hjelper barnet i overgangen mellom heimen og barnehagen. I overgangen mellom det å vere eit av to barn, i ein familie på fire- til å vere eit av 15 barn i ei stor barnehagegruppe. "Kari", som i løpet av barnehagedagen kjem til å hjelpe, trøste, stelle, legge til rette for å bygge relasjoner og vennskap, synge sanger og lese bøker. Ho som passer på at barnet leiker trygt når ho er ute, og at ho får nok å drikke på varme dagar. Som hugsar på å spørre korleis det gjekk i går ettermiddag då barnet skulle besøke  oldemor, og som kan fortelle mor korleis "det har gått i dag".... 
Eg tenker at det smykket var vel fortent, og eg veit at "Kari" set pris på desse små tillitserklæringane som vi vaksne får i kvardagen vår i barnehagen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar