Stemninga på huset i dag ber preg av forventningar, vemod og glede. Barn og vaksne ser fram til deilige, late feriedagar. Førskulebarna et sin siste frukost i barnehagen i lag med vaksne som har delt gleder og sorger med dei i tida i Tusenfryd. Vi veit dei er klare for nye utfordringar og opplevingar, men det er vemodig å tenke på at dei ikkje skal komme att i august med "ferieopplevingar i blikket". Vi ønsker dei lykke til vidare i livet! Og ein riktig god sommer til både stor og små.
- og tusen, tusen takk til alle dei som kom med kaker, pastasalat, kort mm til oss på personalrommet, denne veka!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar