SIDER

10.03.2022

"ASK" MED BRILLEBJØRN I SAMLINGSSTUNDA

På Løvetanna, avdeling for 2-3 år, bruker vi no Brillebjørn  som overordna tema. Dette syns barna er veldig kjekt og dei gleder seg til samlingsstundene med Brillebjørn. 
Å bruke overordna tema, brukar å vere positivt for barna på Løvetanna, vi skaper forutsigbarheit og tryggleik ved å nytte noko kjent over lange periodar.



Vi bruker både bøker, bamsen og film/serie. 

Brillebjørn-bøkene tek opp aktuelle tema som det å gå i butikken, bli storebror, 

vere sjuk, gå i bursdagselskap og liknande. 


Til alle bøkene lagar vi eigne ASK- plansjar som bildestøtte. Desse blir ei forsterking av innhaldet og ei støtte for barna når vi samtalar om boka både i forkant og i etterkant av samlinga. 
- og samtalar blir det! For dette er tema som barna kjenner seg igjen i. 








                        

I Tusenfryd brukar vi ASK bildekommunikasjon til alle barn og i så mange situasjonar som mogeleg i løpet av barnehagedagen. Vi tenker at dette er bra for alle som "lærer" språk og som treng støtte for å kommunisere med andre. Det kan vere en styrke for barn med normal språkutvikling, for dei med fleirspråkleg utvikling og for barn som av ulike grunner trenger støtte til å forstå eller å uttrykke muntleg språk i samspel med andre.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar