SIDER

03.07.2020

FRÅ JORD TIL BORD...

🌿🍇🍓🦟🐜🐞🐌🐛🐝🌸🍏🍅🥒🥔🌶🍆🥑🥦🥕🌽🍠🧄🧅🍊🥬🧄🍌🍀🎋🐛


Dei aller fleste som skal anlegge ein kompostbinge, plassere denne i ein utkant av tomta, gjerne litt skjult bak andre vakre plantar og buskar. Slik er det ikkje i barnehagen vår! Her er komposten sentralt  plassert ved inngangspartiet vårt, slik at det skal vere lett å sjå og å følge med på det spanande som skjer der.   


Komposten er eit kjempespennende naturfagsprosjekt. 
Kvar dag vert restar og skrell av frukt og grønsaker samla i matavfallsbøtta før vi ber det ut i kompostbingen vår. Barna heng ofte over kanten og grev med pinnar for å finne småkryp, undersøke og undre seg over prosessen i kompostbingen. 
🐌🐜🐞🕷🦟🐛
Her kan vi følge med på nedbrytingsprosessen gjennom veggen av pleksiglas. 
Her finn vi både makkar, edderkoppar, skrukketroll, biller og tusenbeinar. 
🐛🐝🐌🕷🐞🐜
Det er bra og viktig for barna å sjå og lære om kretsløpet av energi og næringsstoffer, for å sjå korleis matavfall kan bli til jord og lærer å dyrke den jorda. Vi gler oss til hausten, då gulrøtter, poteter, purre og andre grønsaker skal haustast og brukast i grønsaksuppa vår. 



På denne måten erfarer barna korleis våre matrestar vert omdanna til matjord som vi igjen kan bruke når vi skal dyrke ny salat og nye grønnsaker i drivhuset vårt. 

I dag tilberedte Maria eit deilig sommer-festbord til oss. På bordet sto det mellom anna sjølvdyrka salat og tomatar. 


Maten smakar ekstra godt når vi har vore med å dyrka den sjølv. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar