SIDER

25.01.2018

Små bjørnungar på ekspedisjon🐻

Impulstur på Bjørnungane i dag! Vi pakka ein liten sekk med drikke og premier. Så tok alle kvar sitt akebrett i den ledige handa si. Med tau og godt humør traska vi til ein bratt gangveg ikkje langt frå barnehagen. Det var veldig glatt somme plassa, så vi måtte krype så vi ikkje datt.. Vi lata som om vi var på ekspedisjon i isødet laaaaaangt vekke frå Tusenfryd. Vi fann ein kumme som plutselig vart til ei skummel dragehule! Ned i den budde ein kjempefarlig ildsprutande drage!🐉🔥 Men vi berre lista oss forbi så dragen ikkje såg oss. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar