SIDER

15.09.2017

Vi har fĂ„tt ny asfalt 🎉

PĂ„ onsdag gjekk BjĂžrngegruppa pĂ„ tur, vi gjekk ei "blikjent" runde i nabolaget til barnehagen. PĂ„ turen sĂ„ vi fleire gravemaskiner, lastebila og traktora, desse skulle legge ny asfalt pĂ„ veien opp til barnehagen. Vi vinka til lastebilane som kjĂžrte forbi og dei bĂ„de vinka, blinka med lys og flĂžyta tilbake pĂ„ oss, da visste vi at dei hadde sett oss. PĂ„ vei tilbake til barnehagen var dei komt sĂ„ langt med arbeidet at dei hadde lagt lim pĂ„ veien. Limen trakka vi i, det var litt klissete og skoa fikk svarte sĂ„la. Ett av barna mĂ„tte kjenne pĂ„ limen, den limte ikkje sĂ„ godt, men var sterkare enn bĂ„de vatn og sĂ„pe! 
PĂ„ ettermiddagen feira vi den nye asfalten med musikkinstrument, det vart mykje fin musikk. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar