SIDER

13.09.2017

Humlegruppa på plommeslang!


På samlingsstund denne morgenen forteller Linda frå den gangen ho var lita jente. Dette er noko barna liker veldig godt, og spør om nesten kvar dag. Denne morgenen fortalde ho ei historie dei ikkje hadde hørt før, om ein gong ho var på epleslang. Den var veldig spennande, men litt skummel også. For å gå på slang er jo ikkje lov! 🙈

Linda sa at i dag skulle vi til hagen til "Miriam" 3 år. For vi hadde fått lov å gå dit og plukke plommer. Men viss barna ville kunne vi late som om vi var på slang. Det ville barna! 😃 da måtte vi huske på å gå stille og passe på at ingen såg oss.


Vi plukka mange plommer, og vi lærte at inn i alle plommene er det plommesteiner. Det er frøa til plommetreet, dei tok vi vare på så vi skulle plante dei når vi kom tilbake til barnehagen 🌿
Vi lærte forskjellen på umoden og moden plomme, konsistens, farge og smak. 
Då vi studerte plommene sa "Lars" 3 år: den ser ut som ei rumpe!" Det var dei andre enige i, og dei flira høgt av rompesprekka til plomma 😂

Dei fann sneglar som dei studerte og så fann dei ei hemmelig dør på plenen. Dei fann ut at viss dei samarbeida om å løfte, så kanskje dei skulle klare å opne den

Då dei fekk vite kva ein septiktank var fann dei ut at dei ikkje trengte å opne den likevel. 
Plutselig hørte vi liksom ein lyd! Vi må skynde oss tilbake før noken ser vi e på slang! Vi sprang så stille vi klarte inn i skogen og tilbake til barnehagen 😊


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar