SIDER

28.09.2017

Den uforutsigbare barnesamtalen đŸ‘¶đŸŒ

I barnehagekvardagen er det mykje vi vaksne planlegg Ă„ gjere eller snakke om med barna. PĂ„ fĂžrehand ser vi ofte for oss mĂ„ter Ă„ gjennomfĂžre dette pĂ„ som vi hĂ„per skal vere bĂ„de spennande, lĂŠrerikt og utviklande.

Men i ein barnehagekvardag veit vi at uansett kor godt vi planlegg, sĂ„ kan samtalen og planen for dagen gĂ„ i ei heilt anna retning. I dag var ein slik dag 😄😅


Tema pÄ Solsikka no er brann, ambulanse og politi. PÄ samling i dag skulle vi lese boka "Emma mÄ til doktoren". I denne historia ramler Emma ned fra et tre og slÄr panna si. Ho fÄr eit sÄr som begynner Ä blÞ. Dette kjente barna seg igjen i, og fortalte om ulike sÄr dei hadde fÄtt tidligare.

Som lyn frĂ„ klar himmel  seier plutseleg  "Kaja" 4 Ă„r at mamma blĂžr fra tissen.
"HĂŠ!?" Svarer dei andre barna.

Eg fortalte at det er heilt normalt at damer blĂžr, sĂ„ prĂžvde eg (litt hektisk) Ă„ lese meir fra boka, men barna var ikkje klar for lesing no.

"Begynner eg ogsĂ„ Ă„ blĂž nĂ„r eg blir stor!?" SpĂžr "Vibeke" 4 Ă„r fortvila. Eg seier at alle damer blĂžr av og til, det er ikkje farlig, det er berre for Ă„ skylle ut egget i livmora som ikkje har blitt til en baby.... 
 
Utover dagen kjem dette samtaletemaet opp fleire gongar, og eg bestemmer meg for at her mĂ„ vi lĂŠre litt meir om kroppen.




 
Vi fann ei fin bok med bilde og tekst som lĂŠrte oss kva som skjer inne i kroppen til damene, om korleis barn blir til og kvifor damene av og til blĂžr. Vi valgte Ă„ informere barna pĂ„ deira premiss og avdramatisere og ufarliggjere eit tema som er sĂ„ naturleg, men alikevel litt tabubelagt.
 
Lykke til med dagens samtale rundt middagsbordet ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar