SIDER

13.06.2017

ARBEIDSVEKE FOR 9.KLASSINGAR

Denne veka har vi fem 9.klassingar frå Stranda ungdomsskule på arbeidspraksis. Nokon av elevane gjekk sjølv i Tusenfryd då dei var små, og det er kjekt å sjå dei att som "vaksne", ansvarsbevisste ungdommar. 
Vi ønsker å bidra til å gi dei kunnskap om yrkesgruppene assistent, fagarbeidar, kjøkkenassistent og barnehagelærar og kva utdanning desse yrka krev. Gjennom praktisk deltaking bidrar vi til at elevane får eit realistisk bilete av arbeidslivet i barnehagen. Dei får prøve seg på både omsorg, danning, leik og læring i tillegg til meir praktiske oppgåver. 
Vi håper dei får ei morosam og lærerik arbeidsveke! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar