SIDER

19.05.2017

Hit eit steg og dit eit steg....🐞

I dag har førskulegruppa vore på skulebesøk. Og det er stor stas - og noko vi har gleda oss til lenge!

Rett etter frukost var det på med jakke, sko og ikkje minst den ferdig pakka skulesekken med matpakke og drikke i🍞🥒🍏. 
Ned til skulen vi gjekk i ei fin rekke. I magane flaug somarfuglane rundt medan vi traska avgårde for å rekke skulen. Vi kan ikkje komme for seint sjølv om det "berre" er ein prøvedag⏰.

Og det var så kjekt då vi kom ned og vart møtt av alle dei som hadde gått i barnehagen i fjor - dei som no går i første klasse.

Litt skummelt i starten, men det tok ikkje lange stunda før alle var i leik. Førsteklassingane var veldig flinke til å ta seg av besøket sitt!

Etter ei god utestund fekk vi vere med inn for å ete den gode nistematen. Vi fekk sete ved pultane i lag med dei vi kjende frå før.

Så var det skuletime, der alle fekk utdelt ark med oppgåver. Førsteklassingane var flinke til å hjelpe førskuleborna til å forstå kva dei skulle gjere.

Det var djup konsentrasjon i klasserommet📝✏️📐📖


Det var en gjeng med fornøgde born som tok skulebussen opp att til barnehagen i dag. Mange nye inntrykk rikare og kanskje litt tryggare på den ordentlege store skulestarten i august. I alle fall sei alle at dei gleda seg til det! 🎒👫👭👬

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar