SIDER

01.03.2017

Vulkanleik

Denne veka er det vulkaner og jordskjelv som står i fokus på Solsikka. Vi snakker om korleis dette oppstår og vi ser filmsnutter på YouTube. 
I dag skulle vi egentlig lage vulkan av Pepsi Max og mentos i utetida, men mentos var ikkje å oppdrive her i bygda så det gjekk i vasken. Men Petter visste råd: "vi kan lage vulkaner av snø!" Men kva skal vi bruke som lava da, lurte han på i samme sekund. Vi kom fram til at vi kunne hente vannfarger og male lava på vulkanen
Som sagt så gjort.
Etterkvart vart vulkanaktiviteten meir avansert. 
Zalo, eddik, konditorfarge og natron gir skummende masse som velter seg ut fra toppen av vulkanen, akkurat som lava. 


Her ser vi eit eksempel på kor viktig vaksenrolla er med tanke på å utvide barna sine kunnskaper og korleis dei på eige initiativ tek dette med seg vidare i leiken. For kven kan lage vulkan dersom ein ikkje har hørt om det??

For at barna skal kunne utvide og avansere leiken må vaksne vere tilstades og tilføre meir kunnskap, og dei må gi støtte for å halde ut i leiken og hjelp når leiken stoppa/stagnerar.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar