SIDER

29.03.2017

Påskevandring i kyrkja og tur til Fløten 🐣🐣

I går var Humlegruppa på tur til kyrkja for å sjå korleis den såg ut no før påske. Det var eit hyggelig møte med kyrkja som møtte oss når vi kom ned dit, barneskulen skulle ha påskevandring der i dag og der var veldig fint pynta og vi fekk god anledning til å sjå oss rundt og snakke om påskebodkapen. 

Påskehistoria kan verke litt skummel og ikkje alltid like enkel å formidle til barna, men det var veldig kjekt å sjå at kyrkja var så fint laga til og at vi kunne sjå og studere det som var der og bruke det i vår "Påskevandring". Det vart eit opplegg som var meir tilpassa vår aldersgruppe, men vi opplevde at dette var noko som dei syntes vart kjekt og dei hadde stort utbytte av! 😊

Etter vi var ferdige i kyrkja tok vi turen opp på Fløten for å ete litt frukt og kjeks! Godt med litt belønning etter ein lang gå tur til sentrum. Ein super gjeng å ha med seg på tur! Kjempe kjekt å få avslutte dagen der i deilig vår vêr 😊








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar