SIDER

09.02.2017

Sanserommet vårt.


Vi har mange fine stunder på sanserommet, som er eit eige rom på småbarnsavdelinga. 

Sanserommet skal være eit rom der vi kan kontrollere sanseinntrykka og vi kan tilrettelegge etter ulike behov.  I ein hektisk kvardag kan det vere godt for barna å få trekke seg tilbake inn i eit rolig rom som kan redusere stress og kaos.

Dette er eit rom der dei kan sjå, føle, lytte og utforske dei ulike elementa som er der.

Boblerøret skiftar farge i rolig tempo, ein kan kjenne strømningane inni røret, høyre suset fra boblene og det er svalt å ta på.
Prosjektoren lager et bevegelig bilde i forskjellige fargar på veggen. Bilda som prosjektoren vår viser, er av ulike fiskar.

Teppet med fiberoptisk lys, skiftar fargar og gir ein lun og god følelse av rommet.

Dei fiberoptiske lystrådane kan ein ta på, holde, fange og føle.
I sittesekken kan ein sitte å studerer dei ulike elementa og ta innover seg dei ulike sanseinntrykka i rommet. Eller å hoppe opp i og kjenne at ein forsvinn litt nedover i sekken. 
I tillegg har vi store speil som reflekterar dei ulike fargane i rommet, og som det er kjekt å studere seg sjølv i.

Med sanserommet ønsker vi at barna skal kunne få bruke sansane i eit rolig miljø. På denne måten får ein brukt sansane optimalt utan andre forstyrrelsar for hjernen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar