I forbindelse med tema verdensrommet har vi ulike eksperiment. Ett var å skyte opp rakett ved hjelp av vatn og bakepulver. Det var ikkje enkelt, men etter fleire forsøk fekk vi litt fart på raketten. Det var veldig spanande medan vi heldt på, og vi fekk ein god samtale der vi undra oss over kvifor det kan gå an å få fart på raketten ved berre å bruke to ting. Tenk at ett pulver kan boble og utvide seg når det kjem i kontakt med vatn! Kanskje er det andre ting vi kan gjere med bakepulver? Vi får undre oss videre og sjå om vi finn på nye ting å eksperimentere med.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar