SIDER

04.11.2016

Ut i snøen!

Vi vakna til snødekte markar i dag, og den første snøven er så spennande! Forventningane til uteleiken steig undervegs i frukosten, og dei eldste på Blåklokka klarte knapt vente med å få på seg utekleda når måltidet var slutt. Vi skunda oss ut i garderoba, der undra vi oss over kva vi kunne finne på ute i snøven. Skulle vi grave, bygge snømann eller lage kake tru? 


Nye spennande uteaktiviteter venta på oss når vi kom ut, Vi laga snømann, aka i bakken, lagde snøballar, og kosa oss! For dei aller minste var det spennande nok berre å få kjenne på og prøve å bevege seg rundt i den kalde kvite snøven. 

22

Nokre ville smake litt på også, det ser tross alt ganske fristande ut med den ferske nysnøen. :)
Ei kjekk utetid, og vi gler oss til enda fleire kjekke dagar med snøv framover.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar