SIDER

09.11.2016

Testing av eigenprodusert snø❄️

Etter produksjon av snø i går ettermiddag og kveld, fekk vi på Blåklokka i dag testa ut den kunstige snøen. Vi trengte ikkje store hellinga for at det fungerte med rumpeakebrett. Jentene testa først. 
Snøen viser seg å vere godt eigna. Tørr og kompakt, gir god glid. 

"Petter 2 år" testa først uten rumpeakebrett, men erfarte fort at det var lite effektiv. Han var rask å hente seg eit akebrett, for så å prøve igjen. Jaaaa, det var gøy!!!

Jentene lurte på om denne snøen smakte like godt som den naturlige. 
"Hanne", drog av våttane, og tok seg ein god neve med snø.  "Mmmmmmm", høyrer vi begeistra. "Var det godt?", spør eg. "Jaaaa", svarar ho tilbake. 
Dissene blei også dekt av snø i løpet av produksjonen. Den måtte også undersøkast litt. Skrape litt, klappe på, studere. Spennande!!! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar